Systemisk coaching på sitt beste

Publisert tirsdag 6. oktober 2015, av Erica Grunnevoll, i Boktips, Coaching

Coaching er ein samtale, men det er ein samtale heilt utanom det vanlege. Det er ein samtale som coachen fasiliterer. For å kunne coache effektivt krev det at du kan tenke, arbeide og kommunisere systematisk. Grunnen er enkel, du coachar eit system, det menneskelege system. Du coachar eit system som er sett saman av «mind, body emotions».

Bok: The Meta-Coaching System
Undertittel : Systematic Coaching at Its Best
Forfattar: L. Michael Hall
Utgitt år: 2015
Sider: 294
Forlag: NSP: Neuro-Semantics Publications,  USA 

Om forfattaren
Dr. Michael Hall fødd i 1949. Forfattaren har doktorgrad i psykologi. Han grunnlag feltet nevro-semantikken saman med Dr. Bob Bodenhammer i 1996 og i 2002 Meta-Coach systemet saman med Master Coach Michelle Duval. Forfattaren har til no, gitt ut 46 bøker innan dette feltet. Han byggjer sine teoriar på ei rekkje psykologiske teoriar og på NLP (nevrolingvistisk programmering)

The Meta-Coaching System
Som Meta-Coach med eigen praksis, har eg hatt glede av å delta på to av Michael Halls Meta-Coach treningsamlingar (bootcamp) først som deltakar og sidan som assistent. Eg nyttar mange av modellane og coachingteknikkane dagleg og oppdagar stadig nye perspektiv eller mønster eg kan ta i bruk i min eigen praksis. Eg har hatt stor nytte av å lese fleira av Michael Hall sine tidlegare bøker, manualar og artiklar. Når denne boka kom ut i år, var det eit heilt naturleg val for meg å lese den, sidan Meta-Coaching har blitt ein så viktig del av mitt eige fagfelt, og min arbeidskvardag.

Boka har gitt meg enda fleire perspektiv og større forståing av korleis Meta-Coaching som system har utvikla seg, og enda større forståing av Michael Hall sitt syn på og sine bidrag til å systematisere og gjer coaching meir forståeleg, praktisk og profesjonell.

Det er ingen ulempe å ha kjennskap til Meta-Coaching før du les boka. Men om du ikkje kjenner Meta-Coaching, men er nysgjerrig på kva det handlar om, vil denne boka vere ein ypparleg stad å starte. Mi anbefaling er at du les denne boka først.

For denne boka gir deg heile historia om Meta-Coaching. Den gir deg eit innblikk i alle modellane vi nyttar, du vil lære korleis Meta-Coachsystemet oppsto og korleis det fungerer. Du vil også oppdage kvifor forfattaren forfektar eit syn på Meta-Coaching som eit avansert coachingsystem bygt på solide og kjende psykologiske teoriar og at det slett ikkje er eit eklektisk fagfelt. Eit interessant perspektiv særleg sidan ICF (International Coach Federation), på si side, ofte omtalar sitt system som eklektisk.

Eg forstår Michael Hall sitt perspektiv slik:   Utan å ha eit samlande psykologisk rammeverk på feltet, står vi vi igjen med eit coachingfelt med ei mengde ulike teknikkar eller triks som vi kan drage opp av coachinghatten. Ofte er dette omtala som ei eklektisk tilnærming til coaching. Men eklektisk i denne samanhengen betyr at vi har ikkje nokon teori, sett av premissar, hypotesar eller system som styrer vår coachingprosess. Dette vil gjere det vanskeleg for feltet vårt å utvikle seg iflg Michael Hall. Det vil undergrave muligheitene for å utvikle coaching til å bli ein solid profesjon. Det vil medføre at ein heller arbeider som «coach» under andre felt som t.d. terapeut, trenar, konsulent, eller mentor.

Om ein støttar Michael Hall sitt syn kan ein seie at Meta-Coaching er eitt steg føre, når det gjeld å presentere ei fullverdig system. Eit system som kan gjere coaching både effektivt og systematisk. Målet er å gjere det mogeleg for den profesjonelle coach å vite kva ho skal gjere, når, korleis, med kven og kvifor. Målet er å gi coaching som metode, ein solid plass i det psykologifeltet som handlar om å hjelpe heilt normale menneske som ynskjer utvikling og endring.

Gjennom boka vil du bli kjent med Michael Hall sitt sterke engasjement og viktige bidrag til å gjere coachingfaget profesjonelt, oversiktleg og tydeleg.

Etter ei grundig understreking av kor avgjerande viktig det er å gjere coaching systematisk, blir vi med forfattaren vidare inn i boka og inn i systemet Meta-Coaching.

Boka er delt inn i 4 delar.

  • Eit overblikk på systemet
  • Konseptuelle prinsipp og rammeverk
  • Systematisk coaching: Meta-Coaching
  • Å setje det heile saman.

Eit overblikk på systemet:
Gjennom sitt arbeid med Meta-Coachingsystemet var Abraham Maslow ein av dei største inspirasjonskjeldene til Michael Hall. Maslow var den som i 1941 sette opp ei liste av menneskelege behov som seinare vart til  behovspyramiden. Ein av teoriane var at når overlevingsbehova til ein person er tilfredsstilt, vil spørsmål rundt meining og kva som er meiningsfullt dukke opp.  Desse ideane var også avgjerande i det som utløyste Human Potential Movement (HPM). ( starta av Carl Rogers, Abraham Maslow, May mfl.) Målet var å studere korleis menneskeleg natur er eller kan vere på sitt beste. Styrken til HPM var at dei ikkje studerte dysfunksjonelle menneske, slik psykologar hadde gjort tidlegare, dei studerte og modellerte friske menneske.

Michael Hall studerte seinare alt han kunne kome over av litteratur om sjølvaktualisering frå HPM men kunne ikkje finne nokon modell. Han starta å utvikle ein eigen som ei forlenging av det arbeide desse personane hadde starta, han samla det han fann og utvikla «The Meaning Performance Axis» og «The Self Actualization Quadrants».

Noko av det som skil Meta-Coaching frå andre coachingretningar er det sterke fokuset på meining, intensjon, idear og haldningar. Forfattaren vil gjennom boka vise deg kvifor han legg så stor vekt på dette. Det er gjennom endringar på vårt «meiningsnivå» vi verkeleg vert i stand til å endre oss som menneske. Jf. Michael sitt eige sitat: «The meaning you give, is the instinct you live». Det betyr ikkje at det er vert lagt mindre vekt på gjennomføringsbiten og handling i Meta-Coaching, enn i andre coachingretningar, tvert i mot. Men dersom ein skal få til varig endring, verkeleg gjennomføre ny handling og oppnå resultat, er det avgjerande at våre meiningar vert endra. Det er avgjerande at handlingane ikkje står åleine, men knyttar seg til meiningsberande haldningar. Haldningane gir stor kraft til handlingane.

Forfattaren seier det også slik: Ein tanke er berre eit signal til kroppen, ei tru/haldning er ein kommando til nervesystemet.

All psykologi er ikkje lik. Den gamle psykolgien vart til for den traumatiserte delen av folket og passar ikkje til det psykologiske rammeverk som coachingfeltet treng. Coaching er til for friske menneske som ynskjer å bli utfordra og oppnå endring på ei lang rekke områder i livet.

Systematisk coaching : Meta-Coaching
Det er ei denne delen av boka du får oversikt over alle modellane som ein Meta-Coach har nytte av når ho fasiliterer ein coachingsamtale.

I denne delen av boka får vi presentert dei 7 viktigaste modellane i Meta-Coaching systemet.

  1. Facilitative Model
  2. Meta-State Model
  3. The Matrix Model
  4. Axes of Change Model
  5. Benchmarking Model
  6. Self-Actualisation Quadrants
  7. Meta-Program Model

Coaching er ein samtale, men det er ein samtale heilt utanom det vanlege. Det er ein samtale som coachen fasiliterer.Tema for samtalen som ofte går igjen er:  klarheit, val, plan, ressursar eller endring. Modellane gir deg som coach ein struktur slik at du veit kva du skal gjere, når, kvar, med kven og kvifor.  Utan desse modellane og utan dette rammeverket er coaching redusert til teknikar, som kan vere kraftfulle og nyttige, men utan denne samanhengen kan du vanskeleg forklare eller vite kvifor du nyttar teknikkane og kvar du er i prosessen.

Med utgangspunkt i meining-gjennomføringsaksen, utarbeidde Michael Hall «Facilitative Model»

Han la lytting, support og motta feedback på meiningsaksen, og spørsmål, metaspørsmål og gi feedback på gjennomføringsaksen. Meiningsaksen handlar om støtte og gjennomføringsaksen handlar om utfordring.

Vi får også ei innføring i «Meta-State Model»  ein kraftfull og transformativ modell som bygger opp vår verd av tilstandar, der ein tilstand byggjer på ein annan tilstand, lag på lag. Kjennskap til desse prosessane gjer at ein som coach kan handtere og fasilitere ein transformasjon saman med  klienten.

For å kunne coache effektivt krev det iflg. forfattaren at du kan tenke, arbeide og kommunisere systematisk. Grunnen er enkel, du coachar eit system, det menneskelege system. Du coachar eit system som er sett saman av «mind, body emotions». Tankar, kropp og emosjonar. «The Matrix Model» gir deg ein enkel, men dynamisk struktur for å kunne arbeide med  med klienten si indre samansette verd. Du coahar ved å stille spørsmål og utfordre på områda: sjølv, tilstand, styrke, tid, andre, verd, meining og intensjon. Vi finn ei grundig og oversiktleg forklaring på korleis modellen er bygd opp og korleis du som coach kan nytte dei ulike delane av matrixmodellen.

Du kan også lese om alle den kraftfulle «Axes of Change Model». Om korleis du kan stille dei beste støttande, oppmuntrande og utfordrande spørsmål i dei ulike aksane.  Dei beste spørsmål knytt til motivasjon, val, medskaping og forsterking. Ein modell som syner korleis endring skjer og kva som gjer endringa solid og varig.

Forfattaren er oppteken av  korleis ein kan måle og registrere effektiv coaching gjennom «The Benchmarking Model» og korleis dette er med på å utvikle og kvalitetsikre god coaching.  Michael Hall utvikla også gjennom å studere dette, dei 7 essensielle coachingferdigheitene som kan lærast, trenast opp og målast gjennom benchmarkingsystemet innanfor Meta-Coaching.

  • Aktiv Lytting
  • Support (tilstedeværelse, rapport)
  • Kvalitetsspørsmål
  • Meta-Spørsmål
  • Gi feedback
  • Motta feedback
  • Elisitere tilstander

Han forklarer også fleire  coachingferdigheiter som igjen bygger på desse sju essensielle. Mellom anna korleis avsløre/finne rammer og sette nye rammer. Det å kunne gjenkjenne mønster hos klienten, og kunsten å utfordre på rett stad og til rett tid.

«Self-Actualisation Quadrants» er også ein heilt essensiell modell som syner oss balansen mellom meining og handling og som på ein enkel og forståeleg måte fangar heile filosofien og psykologien rundt sjølvaktualisering.

«Meta-Program Model» byggjer på ein teori om at vi alle har ulike styrkar og preferansar. Modellen er opprinneleg ein NLP-model. Eit  verkty til å «lese» menneske, men også eit glimrande utgangspunkt for å hjelpe menneske til endring på områder som held dei tilbake. Ved t.d. å stille spørsmål rundt motsett pol av klientens foretrekte meta-program, du hjelpe klienten til å utvide sine meta-program. For deg som coah vil kjennskapen til eigne Meta-program kunne gi deg uvurderleg insikt, når du skal fasilitere prosessar for andre.

Å setje det heile saman:
Coaching er tverrfagleg. Det er dette som gjer ei heilheitleg systematisk tilnærming til coaching stort og komplekst. I slutten av boka gi forfattaren oss ei rekke prinsipp som kan vere nyttige som inspirasjon og til forståing av rolla vi har, rolla til klienten og tips om korleis ein kan integrere desse prinsipp i seg sjølv for å bli ein enda betre coach.

Som ein del av sitt virke er forfattaren tydeleg oppteken av korleis ein skal få Meta-Coaching ut i verda, han gir difor lesaren også tips og guiding til det å drive ei coachingbedrift, vere ein selgar og skaffe seg eit levebrød som coach.

Boka si nytteverdi for meg som coach:
For meg er boka eit glimrande utgangspunkt for å forstå coaching som fag. Eg hadde lese og lært mykje om Meta-Coaching før eg las denne boka, likevel har denne boka synt meg essensen av systemet for meg. Michael Hall presentert det viktigaste av det viktige i sine teoriar, og for meg betyr det at den pilaren som handlar om coaching i mitt virke, har fått eit enda stødigare fundament.

Ann Lovis Haanes
Daglig leder i Mentik
Studentmedlem DNCF
Deltaker på leder- og coachutdanning hos CoachTeam

 

 

Kommentarer