Living next door to Alice - eit kort essay du garantert ikkje vil forstå

Publisert tirsdag 14. april 2015, av CoachMagasinet, i Coaching, Diverse

“I'm afraid I can't explain myself, sir. Because I am not myself, you see?” ― Lewis Carroll, Alice in Wonderland

Du kan ikkje ikkje kommunisere.

Kommunikasjon er umogeleg. Derfor må me bli ekstremt gode til å kommunisere. Du kan ikkje ikkje kommunisere.

Det er lett å nikke stadfestande til denne møteplassen, sjølv om han opererer med eit dobbelt ikkje, som hjernen jo ikkje forstår: Sant, sant. Sakleg og godt sagt. Ikkje minst det. Takk Gregory Bateson! Vitskapen kan kvile her. Dette erfarer me kvar dag, ikkje sant? Ikkje eingong katten din kan ikkje ikkje kommunisere.

Kommunikasjon kjem frå latinske «communicare». Det tyder «å gjere felles». Du og eg og vi.

Men: Har du nokon gong opplevd å vite kva du snakkar om, å ha dei saklege argumenta og fakta på di side? Og likevel held din samtalepartner på sitt, vik ikkje ein tøddel frå si oppfatning av saka, bryr seg ein døyt om dei faktiske forhold?

Du har greie på det, samtalepartnaren din har ikkje peiling. Du kan vise til tal, dokumentasjon, statistikk, ja til kva som helst, men det nyttar ikkje. Du greier ikkje å overtyde den andre. Samtalepartnaren insisterer på å ha «feil».

Den tyske propagandaministeren Joseph Goebbels sa: Om du fortel ei løgn ofte nok, vil du oppleve at alle trur deg.

Kvifor gjeld ikkje det same for sanninga? Kvifor spelar det inga rolle for samtalepartnaren din om du seier det same ti gonger, eller hundre gonger? «Slutt å mase, nå da!» Har du høyrt den?
Språk er ei merkeleg greie. Av og til funkar det, av og til ikkje. Som regel funkar det ikkje.

Påstand 1: Gode kronikkar i Aftenposten endrar sjeldan verda.

«Enig, eller ikke enig. Har du lest den, så har du lest den», og då er du vel ikkje heilt den same som før, det har vel skjedd nokre kjemiske prosessar i kroppen og i hjernen din, kanskje ein emosjon eller to, ein gjesp, glede, irritasjon. Og dersom du har endra deg, så har vel verda og endra seg? Bitte litt, i det minste? «Uten deg var ikke verden verden, du vet det?»

Men det var kanskje ikkje det påstanden påstod? Er det presisjonsnivået det er noko gale med?

Påstand 2: Visdomsord på Facebook gjer ikkje så mykje frå eller til for den samla visdommen i verda.

Døme: «Stol på magefølelsen din». Eller: «Følg hjertet»

Dersom me leikar litt meir med Gregory Bateson, kan me få ein grafikk som ser om lag slik ut:

Skjermbilde 2015-04-14 kl. 11.29.48

Når magen seier nei, og hjarta seier ja, har me ein klassisk «double bind». Når sonen blir betre, blir mora verre. Same kva eg gjer så vert det feil. Er det rart eg slit med overspising?
Språket, og det gjeld alt språk, men kanskje i første rekke skriftspråk og verbalt språk, er ikkje til å stole på.

Språket er vilkårleg. Meininga blir til i relasjonen mellom dei som kommuniserer. Truleg er det rettare å seie «meiningane», for me (kven eller kva det no måtte vere) har kvar vår.
Kva har dette med coaching å gjere?

På den eine sida syner det kor nyttelaust det er å gje råd. Ikkje berre fordi coachee ikkje får eigarskap til løysningane. Like mykje fordi coachee neppe vil skjøne kva me faktisk har meint. Coachee vil dermed bruke si eiga tolking, utan å vite at den faktisk er eigenproduksjon, dvs. utan å ta ansvaret for den.

Det kan mao. vere ei sunn haldning å gå ut frå at eg som coach ikkje skjøner kva coachee meiner og treng, og at coachee ikkje vil skjøne det eg som coach meiner og vil tilby. Dermed blir coaching til ein disiplin som liknar Alice in Wonderland, leikande, kreativ, spanande og utviklande, både for coach og for coachee. Eller som Pippi Langstrømpe-logikk: Dette har eg aldri gjort før, så eg får det nok til.

Det same gjeld sjølvsagt for kommunikasjonen med vår hyppigaste samtale- og sparringpartnar, oss sjølve, altså også for sjølvcoaching. Det er ingen grunn til å tru at me tolkar teikna frå mageregion, hjarte, hovud, giktledd, eller kva det måtte vere, rett. Meininga blir til i relasjonen. Første oppgåva blir derfor å skape god rapport. Deretter kan leiken starte.

Skrevet av Jan Otto Hovda
Daglig leder Ålreit Institutt

Kommentarer