Hello Darkness, My Old Friend

Publisert tirsdag 1. november 2011, av CoachMagasinet, i NLP

Hjelper det å tenke positivt for å bli kvitt negative tankar og kjensler? Kva har mental trening, NLP og coaching å by på?

I større eller mindre grad opplever me alle bakhaldsangrep frå negative tankar og kjensler som kjem brått på og sender oss ned i kjellaren eller inn i labyrintar med tvil, problemfokus eller kanskje til og med vonløyse. Me mister trua på oss sjølve, eller på at me vil meistre ein aktuell situasjon, ei aktuell utfordring. For nokon av oss er dette berre glimt av mørkre, noko som hender ein sjeldan gong og ikkje fester seg. Andre slit meir og opplever at denne tilstanden vert kronisk, ein fast og dominerande del av livet sitt. I verste fall utviklar det seg til ein sjukdomstilstand som det er vanskeleg å fri seg frå utan hjelp utanfrå.

Ofte høyrer me då formaningar eller oppmuntrande ord frå omverda: Tenk positivt! Set stoppteikn og snu tankegangen!

Lett sagt – er det mogeleg å få det til? Og korleis?

Emosjonelle mønster sit gjerne djupt. Ofte vil dei ha festa seg gjennom preging, tidlege erfaringar – ja, til dels ligg dei kanskje som ein del av det genetiske arvematerialet vårt. Truleg er det slik at jo eldre me vert, desto meir rigide vert ein del av våre reaksjonsmønster. Me har med andre ord rimeleg god grunn til å vera skeptiske til lettvinte løysingar og tabloide, om enn velmeinande, råd.

Men det er mogeleg å bryte gamle mønster og etablere nye. Hjernecellene vår, eller rettare: nervecellene i hjernen, nevronene, dei emosjonelle kretsane i hjernen vår, er plastiske, dvs. formbare, sjølv hjå vaksne. Nye nevroner kan vakse fram, og ikkje minst kan me byggje opp og forsterke sambandet mellom dei. Me kan aktivere nye område av hjernen og demme opp for område som gjev oss negative effektar og hemmar oss.

Dette inneber arbeid, eller det som me kallar mental trening. Og det kan koste viljestyrke, disiplin og kanskje smerta ved å røre ved det mørke eller vonde.

Mental trening er ikkje så ulikt fysisk trening: Det er ein terskel som må overvinnast før ein kjem i gong. Det er eit slit, og har ein eit visst ambisjonsnivå og ønskjer framgang, må ein tøye grenser og stundom kjenne blodsmaken i munnen.

Dei som driv med kroppsbygging, veit at det gjeld å definere og trene opp dei einskilde musklane presis. Same prinsipp gjeld for mental trening: Kva er ambisjonsnivået? Kva tenke- og reaksjonsmønster ønskjer du å ha? Kva for spesifikke øvingar vil du utføre for å oppnå dette?

Dei fleste kjenner sikkert bilete eller metaforar som handlar om det å stenge ute eller setje grenser for negative tankar:

Negative tankar er som ville fuglar. Du kan ikke hindre at dei set seg i hovudet ditt, men du kan nekte dei å byggje reir.

Eller: Negative tankar er som ubedne gjester. Du kan ikkje hindre dei i å ringje på døra di, men du treng ikkje invitere dei til bords.

OK. Kanskje det. Kanskje løner det seg å syne styrke og evne til å seie nei, setje grenser: hit og ikkje lenger.

Men me må ikkje gløyme at negative kjensler i stor utstrekning har eller har hatt ein vernande funksjon: Angst vernar mot fåre, sinne får oss til å ta opp kampen, skam hjelper oss tilpasse oss gruppenormer og ikkje verta utestengde frå fellesskapen. Negative reaksjonsmønster vil dermed gjerne ha medvirka til å hindre noko endå verre.

Den eldre garde av oss som har vakse opp i utkantnorge, kjenner sikkert skikken med å «gå på stovene». Nabofamilien kjem på uventa vitjing, går rett inn gjennom bislag og gang for å kakke på stovedøra: Det er berre oss, gode naboar som vert sitjande utetter kvelden og drøse og drikke kaffe heilt til augneloka byrjar sige ned og ein eller annan tek til å riste på vekkerklokka og spør: Skal tru om denne går rett? Trøytte og tilfredse går så alle kvar til sitt.

Etterkvart har denne skikken måtte vike for meir urbane omgangsformer. No må ein helst ringje på førehand og avtale ei tid som høver, helst inn mot helg. Og det er heilt greitt. Tidsklemma tillet ikkje noko anna. Det er fint at me kan seia: Nei, det høver dårleg. Men takk for at du ringte. Godt å vita at ein har gode naboar, kjekt at du held kontakten.

No er det nok ikkje så lett å akseptere negative tankar og kjensler som gode naboar, og slett ikkje som vener. Men kva om me gjer det likevel? Kva om me inntek haldninga: Ja, eg er heime. Kom inn og slå deg ned eit bel. Her er kake og kaffe. Eller: Nei, ikkje nett no – ta heller kontakt att seinare.

Alt denne operasjonen vil vere å bryte med eit tilvant mønster: Å freiste etablere dei negative tankane eller kjenslene som forbundsfelle, heller enn som fiende.

Og dette er det motsette av å grave seg ned i ei offerrolle, og kanskje nyte merksemda den gjev.

Vel ein denne rurale tilnærmingsforma som «mentalt treningsopplegg», er ikkje lenger det sentrale å kjempa ned dei vonde eller negative kjenslene, å halda kontrollen, å syna styrke, byggja opp panser, innetter og utetter.

I staden ligg fokus på å akseptere at tankane og kjenslene er der, for så å finne fram til ei ny forståing av situasjonen som utløyser dei. Mine reaksjonar syner at det ligg føre ein risiko, noko står på spel. Takk vere desse reaksjonane kan eg vurdere situasjonen på nytt og finne konstruktive løysingar. I NLP og coaching kallar ein dette for ny innramming, eller reframing.

Vellukka mental trening vil i stor grad dreie seg om å definere situasjonar og erfaringar på nytt. Den grunnleggjande haldninga er at løysinga ligg på lur, der problemet eller utfordringa syner seg.

Av mental trening, som av fysisk trening, vert ein trøytt, og framgang vil gjerne skje trinnvis: mykje slit og sveitte før det liksom løsnar og du brått er på eit nytt nivå. Dessutan gjeld det å ikkje overtrene og overbelaste.

Negative tankar forsvinn kan hende ikkje ved eit trylleslag eller på positiv, men autoritær kommando. Tenk gjerne positivt, men tenk framfor alt kreativt.

Jan Otto Hovda
Certified Coach – Ålreit Institutt Coaching- og Kompetansesenter
joh@alreit.no

Kommentarer