Freistingar i møte med ein morgon

Publisert fredag 4. mai 2018, av CoachMagasinet, i Blogginnlegg, Coaching, Selvutvikling, Verdier

Gode refleksjoner fra DNCF sertifisert coach Oddrun Sørli Waage om posting på Facebook, kritikeren i oss alle, og ikke minst verdivalg.

Det er mangt og mykje me menneske utset oss sjølv for, tenker
eg her eg sit med morgonen sin oppkvikkande kaffikopp.

Samstundes så er det jo dette me lærer av, i alle fall om me tek oss tid til
å reflekterer over livet sine viderverdigheiter, og helst ikkje gjere
dei større enn dei eigentleg er.

Eg har lært, og lærer fortsatt å ikkje strekke meg etter å «tekkast alt folk».
«Kva trur du dei seier no»? er tankar som stoppar moglegheiter.

Så,- til tankar ein fredag morgonen. Det er ikkje måte på kva FB tilbyr å analysere for deg.

I går vart eg freista til å klikke meg inn og ta «ei oppsummering av livet mitt».
Resultatet synes eg var «matnyttig», det sa noko om det eg prøver å
tilstrebe, og vera for meg sjølv og andre.

Så klikk,- der vart det lagt ut til alle mine «vener».

«Oddrun Sørli er alltid oppriktig,
Hun kaster ikke bort tiden på sladder,
hun foretrekker ekte og varige vennskap.
Hun er tolerant og snill, men hun kaster
Ikke bort tid på falske mennesker.
Hun er en genuin venn».

I dag angra eg …
For det sit ein kritiker på mi venstre skulder som prøver å få innpass.
(Er det nokon andre som kjenner til dette fenomenet?)

Aha, akkurat,- men ikkje utan motmæle!!!
Ei vurdering må til før eg sletter heile greia …
Kva var det som gjorde at eg i det heile tatt la ut dette på FB sida mi?
Kva var det som traff meg, og mine val i livet?

For dette handlar om verdival, og oppriktigheit er gull verd for meg.
Å vere oppriktig er ikkje alltid lika lett, det merkast og det utfordrar.
Det utfordrar meg fordi det stundom gjer meg sårbar, dette å synleggjere
kven eg er, og kva eg står for.

Når eg står i ei slik setting treng eg tryggleik til kva eg kan, og kva eg vil.
Det blir då mi indre berekraft, mitt mot og min styrke, og det må eg ta i bruk.
Livet har og lært meg å velje mine «kampar». For eg kan ikkje endre andre enn meg sjølv.

Oppriktigheit er for meg vegen inn til eit menneske, til å knytte trygge vennskapsband.
Eg har gjennom livet sett, og opplevd verdien av positive og opplyftande relasjonar.
Når rammene for venskap eller relasjonar blir tufta på respekt, anerkjenning og felles
glede over å få vera i saman, blir eg til ei betre utgåva av meg sjølv.

Ei utgåva der eg kan gje av mine «gåver», og bidra med noko verdifullt og energigivande til dei rundt meg. For som menneske kan eg ikkje vaksa, utvikla meg og bidra viss eg ikkje får ferdast i eit positivt og energilyftande miljø.

Når det er sakt, og med tanke på min indre kritikar så har me komen til ei felles einigheit
no på morgonkvisten.

FB innlegget blir.

Å vere i stand til, og gje seg sjølv lov til å ta eigne val, er det avgjerande argumentet.
Oppriktigheit er å anerkjenne sine eigne behov, og samstundes tolerere at våre medmenneske har sine. Eg vil ikkje utelukka menneske i mitt liv, men det er mitt val korleis eg vil omgåast dei.
Eg treng ikkje bli likt eller lovprist av «hvermannsen».
Eg tolererer at i enkelte samanheng sit eg på sidelinja, og merkar at eg ikkje høyrer til.
Slik er livet, men stundom kan det faktisk svi i hjarterota. Me er jo menneske.

Det vil alltid finnast val som me av og til kan angra på, men då må me også spørja oss sjølv kvifor.
Kva er det som gjer at eg angrar meg eller får dårleg samvit?
Kva i meg protesterer no?

Snakk med kritikaren din, spør han/ho kvifor han/ho kjem på banen nett no.
Desse samtalane handlar ofte om verdispørsmål.
Ta deg tid til å bli kjend med dine sentrale verdiar. For når nokon set spørsmålsteikn ved dei, då skjer det noko inne i oss. Har du kjent den?
Det var dette som gav meg kjensla av anger i dag.

Min kritikar pirka bort i, og stilte spørsmål ved nokre av mine viktige verdiar.

  • Oppriktigheit – Tryggleik – Mot – Val

Desse verdiane kjenner eg som ein del av meg sjølv, og det er viktig for meg å leva i pakt med dei. Å reflektera, lytte til si eigen indre stemme og tru på den, gir ofte gode og berekraftige svar.
For me menneske har så masse verdifullt inne i oss.
Når me har tru på eige verd og eigne moglegheiter kan me ta gode val, og
bli den beste utgåva av oss sjølve. Til styrke for eigen person, og til glede for dei rundt oss.

Oddrun Sørli Waage

DNCF sertifisert coach og sjukepleier på Bømlo

Kommentarer