Morgan Kane eller Walt Disney?

Publisert lørdag 22. april 2017, av CoachMagasinet, i Blogginnlegg, NLP, Selvutvikling

Modellering. Hva vi kan lære av mennesker med psykopatiske trekk? Gode råd om korleis du taklar ein psykopat? Eg er coach, ikkje rådgjevar, forteller Jan Otto Hovda, DNCF-sertifisert Coach i dette blogginnlegget.

– Dersom eg skulle ha gitt nokre kjappe råd, men det skal eg jo ikkje, så ville det kanskje ha vore: Stikk av. Eller nyttiggjer deg psykopaten – syn deg fram med breitt bryst når han smigrar, bruk offerrolla for det ho er verd når han fell deg i ryggen. Men ta korkje ros eller ris personleg.

Modellering Morgan Kane eller Walt Disney

Du blir kva du leser
Me kjenner jo alle ordtaket: «Du blir hva du leser.»

Eg har lese ein del i mitt liv, og dette ordtaket gir meining. Eit blikk attende frå ein stad langt ute i livet synleggjer det samansuriet som eg (altfor ofte) omtalar som EG (eller på dårlege dagar: JEG).

For ikkje å legge for tung skuld på andre, er det like greitt å hoppe over den pregande perioden med Donald Duck og gå rett til det livsavsnittet kor ein tek sine val. Ei meir eller mindre kronologisk liste over hovudstasjonane vil då kunne sjå slik ut: Kaptein Miki og Lynvingen, «Ingenting er som fjellet», «Første reis med Uredd», «Hemlig resa» – og så det skjelsetjande høgdepunktet: Morgan Kane.

Modellering – hjertet av NLP
I vår utdanning i NLP og coaching kjem me ofte med påstanden: Modellering er hjertet av NLP. Denne påstanden er basert på innsikt i korleis me som menneske lærer. Eit vesentleg element er å ta etter det som andre gjer – foreldre, eldre søsken, tøffe vener … rollemodellar. Modellering er ei form for mimetisk kompetanseoverføring – frå ein person til ein annan (førebilete, modell), eller frå ein situasjon til ein annan (eg er modell for meg sjølv). Denne læringsprosessen startar seinast idet me kjem ut or mor sitt liv, med andre ord lenge før det verbale språket og dei grammatiske strukturane som det lærte stoffet seinare finn sin plass i.

Litt vulgært kan ein seie at eg vert fødd som hermegås, og truleg er det dei nervecellene som vert kalla «speilnevroner» som står for mykje av læringa.

Dette er og ei form for lesing. Eg les rørslene og kroppsspråket til mine rollemodellar, saman med energi, fysisk kontakt og lydbilete oppstår meininga: Eg lærer relasjonar, kva som kan gjere meg trygg, kva eg kan stole på, osb.

Her er det mykje som kan bli veldig bra. Som regel vert det det.

Det som er problematisk med pregingsfasen, er at eg (i alle fall dersom eg ikkje vil innta eit metafysisk perspektiv) i liten grad sjølv kan velgje rollemodell. Som fattigguten, Jens Bjørneboes hjerte, må eg ta det eg får.

Rollemodell – Morgan Kane
Seinare i livet får eg i aukande grad fridom til å gjere eigne val, til å ta ansvar sjølv.

Då gjeld det å ha gode rollemodellar. Eg vart altså hengjande ved Morgan Kane.

Morgan Kane, ein mørk mann, 192 cm høg, ca. 75 kg tung.

«Personlige egenskaper: Trekker på 1/5 sekund. Svak for kvinner og hasard. Nervøs, innesluttet, med psykopatiske trekk.»

I ettertid må eg seie at det var eit godt val.

Vel, det er ikkje så mykje att av det mørke på toppen, og eg nådde aldri over 191 cm, men det kompenserte eg for ved å gå godt ut over dei 75 kiloane i vekt.

Frå teorien om modellering eller «best practice» veit eg dessutan at det ikkje dreier seg om å tileigne seg heile pakken. Det held å konsentrere seg om den eigenskapen som ein har behov for og nytte av. Alt anna kan skrellast av. Dermed kan eg straks stryke ut «trekker på 1/5 sekund», det høver ikkje for treige typar som meg.

Introversjon

«Innesluttet» vil eg og setje spørsmålsteikn ved. Omsett til dagens terminologi vil vel det svare til «introvert», og det er litt i vegen, sjølv om samsvaret er openbart.

Det har litt slagside med den introversjonen. Når til dømes programleiarane i radioprogrammet «Sånn er du» ut frå typeindikatoren «Big five» spør: «Hvor høyt skårer du på ekstroversjon?», så impliserer det at ein bør skåre høgt. Det ligg liksom i korta det. Ein høyrer på tonen at det kun er simpel trøyst, når dei seier at «det er jo ikke så farlig» til dei som hamnar midt på treet her. Det er ikkje utan grunn at testen ikkje måler kor høgt du skårar på introversjon. Introversjon er nede, det går berre å skåre lågt på introversjon.

Det er vinnartypen eg er ute etter. Og då er introversjon eit hinder. Punktum. Men elles er Morgan Kane rollemodell for suksess, med det nevrotiske som orsakande element om noko skulle gå skeis, ein liten sympatibonus – det høyrer med til eit moderne og urbant menneske å vere litt nevrotisk. Og med «psykopatiske trekk» som forskjellen som utgjer forskjellen.

Vinnartypen

For det er brei semje om at psykopaten har visse fortrinn med tanke på suksess. Viktigast er nok den skeive fordelinga av emosjonell intelligens.

EQ definerer me gjerne som «evnen til å oppfatte og forstå egne og andres følelser og emosjoner, å skille mellom dem og bruke denne informasjonen i tenkning og handlinger» (Wikipedia). Med skeiv fordeling meiner eg at det som har med eigne kjensler og emosjonar å gjere, fell bort, er irrelevant.

Psykopaten er flink til å oppfatte og forstå andre sine kjensler, og til å bruke denne informasjonen målretta for å nå sine mål. Derfor kan han vere tydeleg og direkte, skjere igjennom, ha gjennomslagskraft, osb.

(Eg bruker pronomet «han» på grunn av kven som er rollemodell, ikkje fordi dette er eit maskulint fenomen. Ettersom eg har lang erfaring frå kvinnedominerte yrke, er tvert om mange av dei personane eg har gitt diagnosen «psykopat» kvinner.)

Karakteristiske kjenneteikn på ein psykopat
Ein ekte psykopat har sju karakteristiske kjenneteikn eller eigenskapar:

  1. Han er utan skruplar. Målet tel alt, andre sine kjensler ingenting.
  2. Han har sjarm og bruker denne målretta.
  3. Han er dyktig på å fokusere. Det skal mykje til å distrahere psykopaten og få han til å vike frå den rette vegen fram mot målet.
  4. Han er mentalt sterk. Sjølv ein ekte psykopat kan snuble og falle, men reiser seg alltid att, børstar støvet av seg og tek på nytt peiling på målet.
  5. Han er utan frykt. Psykopaten tør ting vanlege menneske ikkje har mot til.
  6. Han er god på mindfulness eller merksamt nærvær. Ein ekte psykopat har lite bekymringar, lever i «nuet» og gjer det som er naudsynt.
  7. Han er den som handlar. Ikkje eit «egghead», sit ikkje fast i mønsteret «tenke-handle-tenke».

Som me ser, ligg ein ekte psykopat tett opptil ein ideell coachingkunde, eller til ein kunde ved utgangen av ein coachingprosess. Som Ingvard Wilhelmsen må me nok «legge på litt empati, i alle fall til å begynne med», men eigentleg er det jo dette me ynskjer som resultat, ikkje sant? Ut av komfortsonen, to do is to be?

Utbreiing
Nokre estimat går ut frå at det finst omlag 10 000 psykopatar i Noreg – og 100 000 med psykopatiske trekk.

Ifølge psykologen Kevin Dutton har følgjande yrkesgrupper høg prosentdel psykopatar:

  • Administrerande direktørar
  • Advokatar
  • Personar som arbeider i kringkasting (TV og radio)
  • Salspersonar
  • Kirurgar
  • Journalistar
  • Politi
  • Prestar
  • Kokkar
  • Offentlege tenestepersonar

(Når eg skal gjere opp status, ser eg at eg har vore innom ein del av dei nemnde yrkesgruppene, og om eg aldri vart prest, så var det fleire som ville dytte meg i den leia i min ungdom. No vert eg stort sett berre kalla for «munken», og det inneber vel kanskje litt av det same?)

Ferdigheter
Psykopaten er flink til å overtale og sjarmere, han er uavhengig, dvs. utan emosjonelle bindingar, og fokusert.

Det er det mellommenneskeleg ukalkulerbare som gjer møtet med psykopaten så vanskeleg. Me veit aldri heilt kor me har han. I det eine augeblikket viklar han deg inn i eit garn av venleg varme, smil og rosande kompliment. I neste augeblikk er du berre ein dritt, eller mindre enn det, luft, noko gjennomsiktig som all energi går tvers igjennom.

Psykopaten herskar på relasjonsnivå. Han veit at for deg har relasjonar verdi i seg sjølv, medan dei for han berre er eit middel for å oppnå noko anna. Du kan ikkje unngå å ta skade, verta såra dersom du investerer i relasjonen til ein psykopat.

Og det er ikkje den foraktande, harde sida det er vanskelegast å forsvare seg mot. Det er det varme smilet og dei gode orda, psykopaten som din beste ven, som det er vanskeleg å stå i mot. Smiger og ros har ein tendens til å gå rett inn. Alle har behov for stadfesting, og derfor er me sårbare og korrumperbare: Endeleg ein som har oppdaga kva som bur i meg!

Det er sjølvsagt her fortrinna til Morgan Kane syner seg. Han kryssar ofte grensa til Mexico, men sjeldan grensa til det patologiske. Hjå Morgan Kane er det framleis råd å finne meining mellom linene, å lytte til det som ikkje vert sagt, det som me på coaching-fagspråk kallar «lytting på tredje nivå».

Morgan Kane freistar aldri vikle deg inn i eit garn av empati, ros og smiger. Han let som om han er nøytral, dissosiert, likegyldig. Det kan godt hende at det er her både Kjell Hallbing og Bladkompaniet feiltolkar mannen frå Santa Fe. Det dei oppfattar som «innesluttet» eller introversjon er truleg berre ei maske, ein påteken kynisme, som skal gjere det lettare for oss å handtere møtet med avgjerdstakaren, gjennomføraren, han som veit at leiing ikkje er ein konkurranse i popularitet.

Morgan Kane minner om Jan Erik Vold sin elg: «Jeg sparker hardt, men sjelden. Bare når nødvendig.»

Burn-out or fade away
Som mange psykopatar er Morgan Kane verdistyrt. Det vil seie at han har kontroll. Han er ein meister i tilstandsstyring. Under overflata er det mangt og mykje som riv og slit i han, derfor nevrosane – han nektar å late seg rive med: av kjærleik, av sjalusi, av driftene sine og, ikkje minst, av angsten. I spennet mellom det sterke, det mjuke og det humoristiske vel han alltid styrke. Humor manglar fullstendig. Sett utanfrå framstår han som hard og kynisk. Berre dei som kjenner han godt, veit at tett under huda ligg empatien, medkjensla, varmen og det sårbare. Og med unntak av nokre få vare lesarar (eg veit berre om ein) er det ingen som kjenner han godt. Morgan Kane har psykopatiske trekk, men han er ingen psykopat (og slett ingen narsissist, sjølv om ein del av sjølvrefleksjonane hans har narsissistiske trekk og vel så godt kunne høyre heime i dag som for 100 år sidan).

Ok, på slutten av karrieren sklir det litt ut, eksessane vert fuktigare og intervallane kortare. Men oppgåvene har vore tøffe, måla hårete, og spriket mellom kravet til seg sjølv og det som det var råd å utrette så stort at nok mange av oss hadde møtt veggen i same situasjon. Dei fleste av oss «føler» avmakt overfor «apparatet» rundt oss på vår måte: Reguleringer og sperringer, EDB og skranker i offentlige kontorer og en masse annen faenskap gir oss, titt og ofte, følelse av ikke å være herre over vår egen skjebne.

Det er her western-helten kommer inn. Han er eneren i rendyrket form. Hans samfunn er enkelt og ukomplisert, han har en sjanse i kampen mot «de andre» [..] Den frie, ensomme mann med hest og Colt er den individualist vi er oppdratt til å være – men ikke får lov til å være»
Willy Dahl (1976) s. 12 – 13: Morgan Kane fra Norge. En studie i litterær suksess

Som svært ung mann las eg sjølvsagt også «Historien om …» mange heltar, t.d. Walt Disney. Mange seier at også Walt Disney var ein verdistyrt einar. Men å velge han som rollemodell ville ikkje ha vore rett i mitt tilfelle. «Det er noe ved Morgan Kane som Walt Disney aldri vil få», noko usminka, ærleg. Morgan Kane freistar aldri syne fram solsida si, og han legg lite vekt på nettverksbygging, heiagjeng og ryggsleikarar. Men han driv aldri med svik, kunne aldri vore angjevar eller STASI-medarbeidar, og all sentimentalitet kjem innanfrå og er ikkje ein naudsynt konvensjon i dei rammene han opererer innanfor.

Det var vinnartypen eg var ute etter. I’d rather be a hammer than a nail. Og Morgan Kane er nettopp det, ein vinnartype, men ein som ikkje vinn noko særleg – i det minste ikkje for seg sjølv. På mange vis er han vel heller ein «vakker tapar».

Dermed høver det vel bra å avrunde med ein helt av ein annan kategori: «There’s no success like failure and failure’s no success at all».

May the force be with you.

Jan Otto Hovda

DNCF-sertifisert Coach
Ålreit Institutt

 

Kommentarer